Langfredag i Åsskard: Påskesongmesse

Den årvisse Påskesongmessa i Åsskard samlar essensen av ei innhaldsrik høgtid. Mange seier dei set pris på denne kveldsvandringa i ord og musikk.

Påskesong a P17[1]
Koret Prosjekt 17 er aktør og medarrangør i Påskesongmessa. Foto frå korets arkiv
Påskesong b Tablå
Aktørar i tablået «Jesu Sju Ord»: Per Arne Hyldbakk, Arne G. Fiske (i bakgrunnen), altsolist Turid Røen Kroknes og Kristian Settem. Foto Bernt Bøe
Påskesong c Sigrid
Sigrid Vetleseter Bøe framfører mellom anna ein jublande «Laudamus te» frå Mozarts Grosse Messe. Foto Bernt Bøe
Påskesong d RVB
Klokkar og korist Randi Bøe viser ein innhaldsrik plakat. Ho har både bibeltekster og bakels med seg til påskesongkvelden. Foto Bernt Bøe
Påskesong Plakat


Songsolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Turid Røen Kroknes, koret Prosjekt 17 og ein musikkvartett let klassisk påskemusikk (Pergolesi, Mozart, Bach og Handel) tolke sterke høgtidstekster.

Forsamlinga er medaktør i allsongen. Prost Vidar Rygh er liturg, Randi Bøe tekstlesar og Bernt Bøe organist. Elisabet Husby og Odd Sonntag spelar fiolin saman med fløytist Tove Elin Strand.

Sentralt i tekstutvalget står evangeliedramaet «Jesu Sju Ord» - framført som scenisk tablå.

Soknerådet er arrangør saman med koret P17. Dei byr også på kveldskaffe - med graut og bakels - etter messa.

…. Bernt G. Bøe …

VI SPONSER BØFJORDNETT